Kurs i rundom

20180408_111412

Laurdag 07. april og sundag 08. april møttest 25 danseglade for å få ei innføring i rundom før landskappleiken til sommaren. Martin og Inga Myhr stod for god instruksjon, og vestlendingane gjorde sitt beste for å treffe den noko uvanlege takten til dei vakre tonane frå Else Myhr. Bygdedanslaget stod for frukt og kaffi i pausane, og laurdagen vart avslutta med felles middag på Zupperia. Oppsummert kan vi seie at helga var sett saman av mykje lærdom, mykje sveitte og mykje latter. Folkedanslaget takkar alle som deltok og på andre måtar bidrog til ei kjekk helg, samt at vi sender ein stor takk til instruktørar og spelekvinne for høg kvalitet på kurset. 

20180408_135245

Laga av Lauen Dans&Design