Hallingkurs

Ungdomsringen har skrive årsmelding for 2017, og vil gjerne dele eit av høgdepunkta; hallingkurs for ungdom med Martin Myhr laurdag 20.mai. Det blei ein kjekk, slitsam og innhaldsrik dag.

Ni deltakarar møtte opp i Gimle til kurs kl. 10.30. Ei variert gruppe, der nokre hadde dansa mykje og nokre ikkje hadde dansa særleg mykje før. Ekstra kjekt at det var med ungdommar frå Fargespill. Alle var topp motiverte og gav alt frå første stund, så allereie etter 20 minutt var me sveitt og trengde ein drikkepause. Endå var det 4 timar igjen!

Flaks at me hadde Martin Myhr som instruktør. Han er ein særs god hallingdansar, men også ein fantastisk pedagog som fekk frem det beste i oss. Så me fortsette med nye vendingar og triks, spraking av hatt, slå stiften, stå på hovudet og «tre-nåla» (sjå video under). Og me fekk det til! Samtlige deltakarar stod på hovudet og høgste hattespark var godt over 2 meter. Så plutseleg var det tid for lunsj. Etterpå var det tid for nye utfordringar, då skulle me ned på huk i mange vendingar. Me fekk også utfordra balansen i krukking.

Tilslutt fekk me oss ein velfortent is! Maria Toppe fekk og ein, for ho var ein god spelmann gjennom dagen. Takk til Martin for å legge turen innom Gimle, når han var på skulebesøk i Bergen. Me er imponert over takten, balansen og spensten!

Laga av Lauen Dans&Design