Hyttetur med spelkurs 16. – 17. april

Helga 16.- 17. april var det klart for hyttetur på nydelege Eidsholmen. Ni av Dragegjengens felespelarar, og tre frå juniorspelemannslaget var med. Dragegjengen er eit spelmannslag for ti elevar ved Krohnengen skole, og andreklassingane har spela fele i snart eit år saman med Maria og Ida Marie.

Ein god gjeng med unge felespelarar

 

Borna leika mykje innimellom speleøkter. Skogen og sjøen var akkompagnert av strålande solskin, som fekk duggdråpar til å glitre og moseteppet til å innby til uteleik. Det vart uttalt eit forbod mot å bada denne gongen, men det var jamvel eit par nakne føter som lurte seg uti sjøen (og eit par føter som ikkje var nakne).

Silje Solberg hadde dei minste i grupper på tre og fire. Det var krevjande økter, og dei fekk prøva tålmodet sitt og erfare at motstand gir gode frukter. Dei eldste lærte nye slåttar av Arve Berg.

Borghild drilla dansetrinna til borna, noko som fekk fram både store smil og sveitte panner.

Borghild og borna svingar seg i dans

 

Det var store måltid, og mange born og vaksne, men med Borghild sine kokkekunstar og heimebakst, samt driftige foreldre, vart det både luksuriøs mat og god orden i leiren.
Natursti er kjekt!
Sundagen vart det natursti og utespeletime i solskinet. Borna fekk terpa på buehandstilling, og til og med foreldra fekk sjå og prøve. Dei yngste øvde på Pjokkum, den nyaste slåtten. Det er vanskeleg å få med seg alle fingrane, få bogen til å skifta mellom ulike strenger, og samstundes bruka øyrene inni fingertuppane – tunga rett i munnen ei stund til, så kan morgondagens spelemenn spela opp til dans!

To gode vener

Laga av Lauen Dans&Design