Hallingkurs for barn

Høyrd om Frikar? – dei som dansa til Fairytale av Alexander Rybakk? Høyrd om godkarsstykke og å sparke hatten? Sett sprettne hallingdansarar som leikar seg over golvet?

5761826814_bfdacf9de9_oLyst til å prøva?

Bergen ungdomslag Ervingen skipar til hallingkurs for barn (9-12 år). Kurset går over fire måndagar (17. oktober, 24. oktober, 31. oktober og 07. november) klokka 17.30-18.30.  Pris kr. 200,- (150,- for medlem).

Dersom du har Frikar–ambisjonar eller du berre er spretten og danseglad, er hallingkurset staden å bli ein betre hallingdansar. I tillegg til mykje hallingdans vert det også fleire økter med både akrobatikk og godkarstykke.

Du treng ikkje å ha dansa før for å være med på dette kurset.

Ta på mjuke og gode klede (treningsklede), joggesko eller andre gode sko og drikkeflaske.

Spørsmål?: kontoret@bergen.ungdomslag.no

Laga av Lauen Dans&Design