Kjekk avslutning på mars månad

Måndag 31. mars inviterte måndagsringen alle lagsmedlemmar til hyggekveld i storsalen. Det var dans fyrste halvdel av kvelden, og når koret kom ned vart det framsyning, kaffi, kaker og kviss!

Koret og måndagsringen dansa fint saman til spelet til Ingeborg H. Bringslid. Foto: Kjersti Johanne Nybø

Koret arbeider i vår fram mot ein retteleg fest-kveld i mai, og baud på eit lite utdrag av pop-låtane dei syng for tida. “De veit at de er dei einaste som får sjå Kor e’ tonen med notar,” sa dirigent Elin, før ho sette dei i gang med Bee Gees sin “How Deep Is Your Love”, fulgt av Michael Jackson og Lady Gaga. Dansarane kvitterte med å visa fram Figaro, før songarane vart bedt med i eit par dansar saman med måndagsringen.

Med mange gode krefter i sving kom kakene snart på bordet, og praten sat laust. Stillare vart det når Stig bad alle vera med på kviss. Den strekte seg tematisk frå gamle tanter til kjente fjernsynsseriar, og jubelen sat laust hjå Torbjørn, Hanna, Ingvild, Cathrine, Einar og Mari som stakk av med seieren og ein pose Twist.

Til hausten vert det fleire slike hyggekveldar, og me gler oss allereie til meir song, dans og prat i laget.

Du kan sjå fleire bilete frå kvelden her, eller under. Fotograf for kvelden var Kjersti Johanne Nybø.

Laga av Lauen Dans&Design