Grunnsteg og undergrunn i Fensal

Kva har folkedans og streetdans til felles? Kom og sjå Ungdomsringen frå Bergen ungdomslag Ervingen og dansekompaniet Flava Few finne fellestrekka i Fensal på torsdag!

I Grunn! får ein oppleve det beste frå to danseverder- på same golv. Felespelar er  Maria Skjeldrum Toppe.

I Grunn! får ein oppleve det beste frå to danseverder- på same golv. Felespelar er Maria Skjeldrum Toppe.

Ungdomsringen og dansarar frå Bergen Internasjonale Kultursenter hadde denne helga si siste intensive øvingshelg før førestillinga “Grunn! Undergrunn møter grunnsteg”. Saman har dansarar frå Ungdomsringen og det internasjonale dansekompaniet Flava Few laga ei forrykande førestilling der dei syner kva dei to ulike tradisjonane har til felles.

-Eit utruleg spanande prosjekt! Me har freista å finne fellestrekka i to heilt ulike tradisjonar, seier Tatiana Palanca (Miss Tati). Saman med Silja Solvang har ho vore koreograf for prosjektet, som også har henta hjelp frå Vegar Vårdal.

Tatiana Palanca og Silja Solvang  er koreografar for Grunn!

Tatiana Palanca og Silja Solvang er koreografar for Grunn!

Dei to gruppene har det siste halvåret møttest for å utforske kvarandres likskapar og ulikskapar. Breakdans, hip hop og housedans møter springar, pols og hamborgar. – Begge deler er sosial dans, fortel Tatiana, som lovar dei frammøte ei frisk og spontan førestilling.

Grunn! er ein del av Bergen Internasjonale Musikkfestival (BIMF) som arrangerast for 7. gong 23.- 25. oktober. Møt opp i Fensal klokka 20.00 på torsdag!

Foto: Kjersti J. Nybø

Grunn! byr på halsbrekkande breakdance til felespel.

Tatiana Palanca i Grunn!

Laga av Lauen Dans&Design