Dans og demokrati

Ungdomsringen i aksjon

Ungdomsringen i aksjon

Ungdomsringen var med på opningsførestillinga under Folkedansfestivalen i Ørsta.

I januar fekk Ungdomsringen kjennskap til Noregs Ungdomslag sitt dansekoreografi-prosjekt for lokallag. I utlysningsteksten stod fylgjande: «Ungdomane i prosjektet skal arbeida med spørsmål knytt til deira forståing av demokrati. Kva er demokrati for meg og deg? Korleis kan ein utrykkja dette i dans?»

Ungdomsringen fekk vere ein del av prosjektet. I heile vår har me saman med koreograf Silja Solvang arbeid frem ei førestilling. Det har vore ein spannande prosess. Den byrja med idémyldring på Post-it lappar i Gimle ein sundag i mars, og slutta då me stod på scena i Ørsta kulturhus fredag 4.juli. Tittelen på vårt bidrag var «Det historiske kvarter». Me ville visualisere korleis ein kjenner seg som nasjon – når me var under ein eineveldig dansk konge passa det best å danse ein redd springar i flokk, men når me blei ei sjølvstendig nasjon dansa me ein leikande reilender.

Same dag som førestillinga var det intensiv øving saman med ei ungdomsgruppe frå Leknes Ungdomslag og dansarane Anna Gjendem og Mathilde Øverland. Mathilde var ansvarleg for å sy saman bidraga og lage ein felles koreografi. Det var mykje å lære på kort tid, men etter kvart fekk me oversikt over når me skulle inn på scena. Me var særs nøgde med Mathilde sitt arbeid. Ho hadde laga fine koreografiar om individ og samfunn, demokrati og diktatur. I tillegg heldt ho oss fokuserte heile dagen, ei vanskeleg oppgåve etter at me hadde vore fire dagar på sommarleir.

Etter premieren fekk me gode tilbakemeldingar frå publikum. Det var kjekt å ta del i ei større framsyning.

Laga av Lauen Dans&Design