Stordanskveld 12. oktober

Stordanskveld på Schøtstuene 17.09.2016

Stordanskvelden er tilbake! I år er Schøtstuene under oppussing, så me flyttar oss til Kulturhuset Danckert Krohn, der me skal dansa i dei fine gamle stovene som ligg innover på rekke og rad. Omgjevnadene blir altså nye, men songane om store kråker, fulle mannfolk, kvinner som reddar brørne sine, store kjemper, riddarar som døyr og elvekongar som lokkar jenter er dei same! Det er med andre ord berre å starta pugginga, og meld gjerne ifrå om du er interessert i å skipa ei vise eller tre.

Program:
19.30: Dørene opnar
20.00: Me drar i gang dansen
21.30: Pause med kaffi, kaker og frukt
22.00: Meir dans
00:00 Avslutting

Som ein kan sjå av programmet blir det ikkje grautservering i år, men til gjengjeld blir det kaker i pausen!

Billettar er tilgjengelege på ticketco, og sidan det ikkje er matservering, blir det òg mogleg å betala i døra.

https://nb-no.facebook.com/events/kulturhuset-danckert-krohn/stordanskveld-i-bergen-2019/407172869873785

Laga av Lauen Dans&Design