Fylkesstemna for born 9.-11. juni 2017

Bergen ungdomslag Ervingen skal skipa til Fylkesstemna for born i alderen 6-13 år i Bergen helga 9.-11.juni 2017.

2012-06-08 12.57.50Det er påmeld 111 deltakarar på stemna!  Stemnet vil føregå på Årstad vidaregåande skule og i sentrum av Bergen by. Fylkesstemnet er for dei som dansar, driv med teater, spelar eit instrument eller held på med anna aktivitet. På stemna vert det ulike aktivitetar, dans, disco, uteaktivitetar, kiosk, speiding, handarbeid, teikning og maling, baking, foto, salsa, halling mm.  Det vert overnatting på sovesal/klasserom, leik og moro.

Høgdepunktet vert nok laurdagen der me skal vera med og setja farge på Bergen sentrum med dansande born frå heile Hordaland i stemnetog og med framsyning på Torgdagen i Bergen sentrum. Bergen Juniorspelmannslag spelar til framsyninga, og 14 av danse-barna er frå barnelaget vårt!

Eit slikt stemne krev stor dugnadsinnsats frå medlemane, og dersom du har lyst og tid til å bidra kan du melda deg her: https://docs.google.com/forms/d/e/1FAIpQLScLpPWFA53BfS41mwQp3PKb_c50Oaz3Jr4g1D6DPn5l3S04zQ/viewform?c=0&w=1

 

 

 

Laga av Lauen Dans&Design