Folkemusikkfest i Gimle

Den årlege folkemusikkfesten i samarbeid med Columbi Egg går av stabelen 18. mars, og programmet er slikt ein berre kan ynskja seg: to trioar, ein frå Danmark og ein frå Noreg, fyller storsalen med musikk heile kvelden til endes.

Utla med Håkon Høgemo, Karl Seglem og Terje Isungset er ei legende i folkemusikk-Noreg, og i tillegg er musikarane av dei største innan folkemusikk, jazz og improvisasjonsmusikk kvar for seg og i lag med andre. Til Gimle kjem dei i følgje med danske Trio Mio, der Kristine Heebøl spelar fele, Jens Ulvsand bouzouki og gitar, og Peter Rosendal piano og trompet. Begge gruppene spelar fyrst konsert, og sidan vert golvet rydda og det blir spelt opp til dans.

Les meir på nettsida til Columbi Egg folkemusikklubb.

Frå Folkemusikkfesten 2015, med Gjertruds sigøynerorkester og Kristoffer Kleiveland band. Foto: K. J. Nybø

Frå Folkemusikkfesten 2015, med Gjertruds sigøynerorkester og Kristoffer Kleiveland band. Foto: K. J. Nybø

Dersom du ikkje kjenner deg heilt stø på dansegolvet er det ikkje noko problem å vera med likavel, sitja og sjå på, eller ta eit kort kurs i folkedans tidlegare på dagen. Det vert kræsjkurs kl. 13-15 i Gimle, du kan lesa meir om det her.

Praktisk informasjon:
Tid: laurdag 18. mars k. 19.30. Dørene opnar kl. 19.
Stad: Gimle, Kong Oscars gate 18. Inngang frå Øvre Korskirkeallmenning.
Pris: 300 / 250 (medlem Columbi Egg el. Bergen ungdomslag Ervingen) / 100 (student) / 50 (born)
Arrangør: Columbi Egg folkemusikklubb og Bergen ungdomslag Ervingen

Facebook-hending for folkemusikkfesten
Facebook-hending for kræsjkurs i folkedans

Laga av Lauen Dans&Design