Dans- og spelmaraton 2017

Maraton er eit løp som går over 42 195 m. Ordet «maraton» blir ofte brukt for å skildra noko som krev stort uthald. 28. januar inviterer me spreke dansarar og spelemenn/-kvinner til å delta på årets kjekkaste uthaldsløp, nemleg dans- og spelmaraton i Gimle.

Maria og Eva Marie Skjeldrum Toppe. Foto: Kjersti J. Nybø

Maria og Eva Marie Skjeldrum Toppe på Dans- og spelmaraton i 2016. Foto: Kjersti J. Nybø

Dans
I ein kveld fullstappa med mykje god dansemusikk vert det høve til å kunne svinga seg rundt på golvet i ein heftig dans. Berre hugs å stilla med godt utstyr.
Fotskatt: 50,-

Spel
Spelmennene driv stafett gjennom heile kvelden. Det er ope for fleire spenstige gruppesamansettingar og artige arrangement. Påmelding innan 20. januar (eller så fort som mogleg) til kontoret@bergen.ungdomslag.no / 55317446 eller ein i Folkedanslaget.
Sidan alle som spelar òg er velkomne på dansegolvet som dansarar, vert det ein fotskatt pr. spelemann/-kvinne på 50,-

Kafé
Om ein skal dansa og spela ein kveld til endes, krev det påfylling av energi. Det får ein i kafeen. Her vert sal av forfriskingar heile kvelden.

Lodd
Med fotskatten følgjer det eit lodd. Utpå kvelden blir det trekt ut nokre heldige vinnarar, som får med ein liten premie heim.

Vel møtt i Gimle, laurdag 28. januar kl. 19! (Sjå Facebook-hending her)

Laga av Lauen Dans&Design