Meisterkonsert, Oslokappleik og folkemusikktime

Mange spente unge hardingfelespelarar frå Bergen juniorspelemannslag drog over fjellet til Oslo helga 18. – 20. november. Dei fleste hadde base på Haraldsheimen, og nytta føremiddagen laurdag til ulike opplevingar i storbyen.

Bergen Juniorspelmannslag. Foto: Knut Utler

Bergen Juniorspelmannslag. Foto: Knut Utler

Første musikalske stopp var Oslokappleiken med deltaking i lagspel junior. Det vart overlegen seier i lagspel med 68 poeng føre Vågå juniorspelemannlag med 62 poeng og Unge folkemusikere i Oslo med 49 poeng. Laget let godt med god takt og reint spel sjølv om den mest erfarne vart hindra i å møta, og instruktør ikkje hadde høve til å vere til stades.

Dette var oppvarming til det store oppdraget denne helga, meisterkonsert i Den norske opera. Her var mange av vinnarane frå Landskappleiken og Landsfestivalen samla for å vise det det beste av norsk folkedans og folkemusikk framfor ein fullsett operasal. Bergen juniorspelemannslag var først ut etter pausen, og det første innslaget i direktesend Folkemusikktime på NRK P2. I tillegg vart konserten send på direktesend på nett-tv og tilgjengeleg på nettsida til NRK Hedmark/Oppland . Det vart ei svært vellukka framføring med Knepphallingen tostemt utført av festpynta musikantar.  Mange gav uttrykk for at dette var ei svært god framføring som viser at laget høyrer heime blant toppsjiktet av norsk folkemusikk. Det vart ein lang dag for dei unge i Operaen, men det såg ut til at opplevinga var verd innsatsen. Her finn du fleire bilete frå Meisterkonserten, teke av Knut Utler..

Laga av Lauen Dans&Design