Juniorspelmannslaget på Meisterkonsert

Sundag 20. november 2016 står eit stort knippe klassevinnarar frå Landskappleiken og Landsfestivalen i gammaldansmusikk på hovudscena i Operaen.

Juniorspelmannslaget LK 2016Mellom anna får du høyra vårt eige Juniorspelmannslag, som vann klassa for Lagspel junior under Landskapplieken i sommar. Me er utruleg stolte over dei unge spelmennene våre, og ynskjer dei lukke til i Operaen, og på Oslokappleiken same helga.

Til saman er det nitten klassevinnarar frå Landskappleiken og sju klassevinnarar frå Landsfestivalen som skal stå på hovudscena sundag 20. november. Dette utgjer i overkant av 110 utøvarar frå ulike delar av landet. Her vert det solistar, dansepar, grupper, danselag, spelemannslag og utøvarar i aldersspennet 9 til 80 år, som alle vil vera med og visa breidda og kvaliteten som er i folkemusikken. Alt ligg til rette for at det vert ein minnerik Meisterkonsert i Operaen i år også!

I løpet av konserten vert det også utdeling av Folkelarmprisar, kåring av årets arrangør, årets lokallag og utnemning av årets folkemusikar. NRK har i mange år vore med på Landskappleiken og gjort opptak av utøvarar. Folkemusikktimen sitt 85-årsjubileum vert ein del av konserten, og den vil bli sendt direkte på NRK P2 frå kl 18:00-19:00. Sigrid Moldestad, Ole Aastad Bråten og Leiv Solberg vert programleiarar, medan Silje Onstad Hålien har fått oppgåva i å sy saman konserten.

Les meir: http://www.folkorg.no/desse-skal-opptre-operaen-20-november

 

 

Laga av Lauen Dans&Design