Julelagsmøte 12. desember

Måndag 12. desember vert det julegraut, åresal, trekking av medlemslotteriet, underhaldning og julesongar i Gimle.

nisse-med-feleDet tradisjonelle julelagsmøtet til Bergen ungdomslag Ervingen vert halde denne dagen, og det heile startar kl. 18.00. Kven får mandelen iår? Er grauten like god som alltid? Vert det quiz? Kven vinn hovudvinsten i medlemslotteriet? Kven har seld flest loddbøker? Har Selsvikklubben kaka julekaken sjølve? Kjem meisterspelmennene i Juniorspelmannslaget? Får dei som ikkje var på konsert dagen før høyra noko av julesongane til koret? Og korleis i all verda skal ein få til å koka graut utan nytt kjøkken på plass i Gimle? Kom på julemøte og finn ut av ale desse uløyste mysteria!

Kom i julestemning i Gimle, måndag 12. desember kl. 18.00-21.00

Årer vert seld i døra, i staden for inngangsbillett.

Laga av Lauen Dans&Design