Haustdans

Femte november skal det skje,
vener og kjende lyt du ta med,
for i Gimle vert det dans
frå halv åtte til elleve, utan stans

Nei, det med stansen er ikkje rett
vi lyt jo ha kaffi, det er no berre greitt!
I år tek vi felles pause
og då håpar vi ingen sit tause!

Dansemusikken, den vert fin
Audhilds kjem for å rykke i dansefoten din!
Og dette er ikkje enden
Fjellbekken vil nok halde på den trenden!

Så her vert det moro og latter
ja, ta med både son og datter!
For om du har stakk eller hatt
så lovar vi at du får ei fin natt!

Laga av Lauen Dans&Design