Dårlege idear og glade ungar

Rine og Ravi liker å lære nye ting. Men på skulen er ikkje dette lett. Lærar-Knut er nemleg veldig glad i bråk og tull, og han er ein meister i dårlege idear. Og ein må vel gjere slik læraren seier?

timotyForfattar Vegard Markhus besøkte Gimle under familiefolkedans- og barnebokkvelden sundag 23. oktober. Omlag 40-50 ungar og nesten like mange vaksne nytta høve til å høyra forfattaren lesa frå bøkene sine om Rine og Ravi. Forfattaren las også frå boka om Timoty som mistar seg sjølv – til mykje humring blandt små, så vel som store.

Deretter var det duka for konsert med Bergen Juniorspelmannslag, under kyndig leiing av Elna F. Selle. Imponerande å sjå korleis ho med stødig og trygg leiing får alle dei små og store spelmennene til å kosa seg og spela (og ikkje spela) på felene sine. For mange av felespelarane var dette første konserten dei deltok på, og det gjekk strålande!  Juniorspelmannslaget spelte opp til dans, og alle dei frammøtte fekk vera med på marsj, langedans og treklappdans, før dei fekk ein velfortent kake, frukt og saft-pause!

Etter at kakene var ete opp, og alle var mett og god, vart det meir dans og musikk. Tora P. Fjeld og Maria Nordås tok barn og vaksne med på to kjekke dansøkter med både musikk- og songdans. Det er moro å vera i Gimle når det er så mykje folk, så gode tilskiparar, så gode danseleiarar, så god musikk og ikkje minst så god stemning!

Laga av Lauen Dans&Design