Seier på scene og i sal

Kven som gjekk av med seierene, er vanskeleg å seia, men vel 100 spelmenn og dansarar fekk sett uthaldenheiten på prøve på laurdag, då det var dans- og spelmaraton i Gimle.

Kvar Tett. Foto: Kjersti J. Nybø

Kvar Tett. Foto: Kjersti J. Nybø

Det var sju ulike grupper som spelte til dans, både frå ungdomslaget sine eigne og frå omkringliggande bygder og bydelar. Den same blandinga såg ein på dansegolvet, og det var mange som nytta høvet innimellom rundane til å treffa gamle og nye kjente. Folkedanslaget var nøgde med både oppmøtet og den kollektive innsatsen mellom maratondansarar og -spelmenn – det kan ein vel sjå av bileta?

Laga av Lauen Dans&Design