Ljom i Bergen 16-18 oktober!

logo-gjennomsiktigI år er det 10 år sidan BUL Ervingen og BUL Bergen fann saman til Bergen ungdomslag Ervingen! I tillegg er det òg 100 år sidan Gimle vart kjøpt og 50 år sidan Fensal vart kjøpt. Dette skal me sjølvsagt feire!

16-18 oktober vert det storslagen jubileumsfeiring, og me har vald å kalle jubileumshelga for Ljom. Det vert mykje ljom i både Gimle og Fensal med kurs, fest, spel, dans og song!

Om de treng overnatting i Bergen har me fått ein god avtale med Hordaheimen. Om de tingar før 11. september ved å sende ein epost til annrita@hordaheimen.no kostar det kr. 695,- for einskildrom per natt inkludert frukost, og kr. 895,- for dobbeltrom per natt inkludert frukost.

De kan lese alt om helga på www.ljombergen.no

 

Laga av Lauen Dans&Design