Vellukka kulturnatt i Gimle

Mellom 70 og 80 personar var innom i Gimle då folkedanslaget inviterte bergensarar på konsert og dans under den årlege kulturnatta.

Kristoffer Kleiveland. Foto: Mari S. Lysne

Kristoffer Kleiveland. Foto: Mari S. Lysne

Kristoffer Kleiveland var hovudtrekkplasteret denne kvelden, og heldt ein fin, variert og uformell konsert for dei vel 40 frammøtte. Etter ekstranummeret, som kom etter begeistra applaus og eit lattermildt “gudskjelov, då var ikkje all øvinga forgjeves” frå spelmannen, vart det dans til Audhilds, før det vart turdans leia av Torbjørn Lauen til den same gruppa. Det vart mykje latter og stor innleving frå dansarane, og spelmennene, si side. Kleiveland fortsette kvelden med godt dansespel, før det heila vart runda av med songdansar.

Stor innleving og innsats under turdansøkta. Foto: Mari S. Lysne

Stor innleving og innsats under turdansøkta. Foto: Mari S. Lysne

Ungdomsringen stilte med gode kaker og alltid nok kaffi og vatn i kafeen, i tillegg til å vera ivrige deltakarar på dansegolvet. Som andre dansekveldar i laget vart kulturnatta kjenneteikna av den gode aldersblandinga på golvet, og den gode stemninga mellom både spelmenn, dansarar og dei som berre kom innom for å sjå på. Kulturnatta var i så måte eit godt høve å visa fram kva ungdomslaget står for – i tillegg til at det var ein kjekk kveld for alle frammøtte.

Laga av Lauen Dans&Design