Våren i Folkedanslaget

Dei faste aktivitetane i folkedanslaget er no godt i gang, og det blir mykje moro i Gimle denne våren. I tillegg blir det òg skipa til ei heil rekkje andre festar og kurs. Oversynet over våren ser du under her (Du kan sjølvsagt òg finne alt saman i kalenderen vår).

Dans- og spelmaraton
Laurdag 25. januar kl. 19.00-23.00

Me har invitert alle spelemenn me kjenner og ein del me ikkje kjenner til å spela opp til dans for dykk, og me kan lova små og store overraskingar. Ingen dansekveld er så variert som denne, så her er det noko for alle. Det vert også premie for den som utmerkar seg mest på dansegolvet!

Billettar: 50 kroner. Det er valfritt for spelemenn å betala.

Nybegynnarkurs
Måndagar kl. 20.00-22-00. Oppstart 27. januar.

Seks måndagar tilbyr me nybegynnarkurs i mellom anna reinlender, vals og springar. Send ein ven du tykkjer bør begynna å dansa! Silja Solvang er instruktør, medan Ingeborg Bringslid og Maria Toppe byter på å spela.

Billettar: 200(medl/stud), 400 for andre. Dersom ein melder seg inn etter kurset får ein kurset til medlemspris.

Folkemusikkfesten
Laurdag 8. februar kl. 19.30 (Obs, presis start!)

Me får besøk av den musikalske verten Gabriel Fliflet som losar oss gjennom ein kveld spekka med kvalitetsmusikk. Dei svenske stjernene i Väsen serverer fengande polska med nyckelharpa, bratsj og 12-strengs gitar, medan bergensgruppa Texanos tek oss med til sørstatane og byr på livsglad tex-mex-musikk! Konsert først, dans frå kl 21 til midnatt.

Billettar: 50 (born) / 200 (medl i Bul Ervingen eller Columbi Egg og studentar) / 250

Folkemusikkfesten er eit samarbeid med Columbi Egg.

Kortkurs i polska
Laurdag 8. februar kl 13-15

Førebu deg til folkemusikkfesten! Ikkje stå langs veggen og angre etterpå! Kurset er for alle, både dei som har dansa ei stund og dei som har lyst til å prøva noko nytt. Kurset vert halde i 2. etasje i Gimle.

Billett:  50 (medl i Bul Ervingen eller Columbi Egg og studentar) / 100

Prøysenfest
Laurdag 22. mars

Det er 100 år sidan Alf Prøysen vart fødd, og dette skal sjølvsagt feirast. Folkedanslaget inviterer til ein festkveld med mellom anna forteljingar, songdans og vårt eige Prøysenband!

Helgekurs
Laurdag 5. og søndag 6. april

I samarbeid med Bygdedanslaget i Bjørgvin arrangerer me kurs i hallingspringar. Det er svært lett å bli glad i både dansen og musikken i denne tradisjonen, så her er det ingen grunn til å sitta heime.

Instruktørar vert Bjørn Lien og Sigrunn B. Svenkerud. Spelemann vert Arne Anderdal.

Hyttetur for unge vaksne
24.-25. mai

Hytteturen går til lagshytta på Eidsholmen, der me et god mat, spelar spel og vert kjende med kvarandre. Dersom det ikkje regnar tek me fram grillen. Og kanskje dette er høvet for årets første bad? Inviter gjerne med dykk vener som er nysgjerrige på folkedans.

Faste øvingar:
Måndagsringen
20-22 på måndagar. Både instruktørane og spelemenne vert dei same som i haust. Me får også besøk av toradargruppa og juniorspelemannslaget. Dette halvåret vert det ikkje kakeøvingar, men heller to hyggekveldar der me inviterer dei andre særlaga.

Folkedans for seniorar
19-21.30 på tysdagar i partalsveker. Borghild Opdahl og Asbjørn Gjerde er instruktørar. Stefen Eide er spelemann. Denne danseøvinga er for dei eldste i laget.

Onsdagsøvingar
20-22 på onsdagar. Dette semesteret vert onsdagsøvingane delte i to. Om lag halvparten av øvingane skal Sverre ha, der han ska instruera i danseteknikk. Dei andre onsdagane er sett av til gjesteinstruktørar som lærer oss nye dansar. Me skal også bruka nokre onsdagar til framsyningsøvingar, der gruppa skal laga ei framsyning som kan brukast når folkedanslaget får oppdrag.

Hallingøvingar
17.30-19 på torsdagar. Oppstart 12. september. Instruktør Silja Solvang inviterer alle over 15 år (og under 90) til øvingar i lausdans!

Laga av Lauen Dans&Design