Stor hygge for få frammøtte

Hyttedansen laurdag 18. oktober vart svært kjekk for dei som våga seg ut i uveret. Diverre var det ikkje så mange til stades, men dei som var der fekk servert eit variert program, varm mat og godt samvere.

Dans på hytta til Bergen ungdomslag Ervingen. Foto: Kjersti J. Nybø

Brynjulf Langballe opna kvelden med diktet “Kveld i november” av Olav H. Hauge, og med dette vart stemninga for kvelden sett. Ute var det ruskever, men det er ikkje so mykje å gjera med hausten, den kjem når den må. Det vert desto viktigare å kosa seg innandørs.

Ei saknads solbunde åt ei myrk jord.

Og det vart solbunder nok til deltakarane på hyttedansen. Maria og Eva-Marie Toppe spelte både feler, gitar og nykkelharpe, og framførte både norsk folkemusikk, irske slåttar i svensk bunad, og gav oss fin song. Song vart det òg frå Kvedargruppa i Bergen, og frå danske Anna E. Pedersen, som viste at tradisjonane i Danmark og Noreg gjerne heng tettare saman enn me tenkjer over. Alle gruppene spelte og song til dans etter maten, og dansarane fekk då prøva seg både på instrumental- og vokalmusikk frå Noreg, og godt dansk spel. Nokre hyggelege overraskingar kom òg i løpet av kvelden, som Magnhild i Kvedargruppa si flotte Kaffevise som avslutta bordseta, og den improviserte instruksjonen i danske dansemåtar som gjorde at ein verkeleg fekk pulsen opp.

Under kan du sjå fleire bilete frå hyttedansen. Alle foto ved Kjersti J. Nybø.

Laga av Lauen Dans&Design