Jonsok på Eidsholmen 2014

Flagget er oppe og jonsokfeiringa er i gong.

 

Tradisjonen tru er det jonsokfeiring på Eidsholmen i år også. Jonsok fall på mandag, veret var fint, om enn litt frisk nordavind, og grillen var klar. Det var såpass tørt på bakken at stolane kunne brukast utandørs, så det var reine utekafeen nede på plassen. For ein gongs skuld slapp vi å bera inn på grunn av verskifte. Det var bortimot 30 personar, og dei som kom hadde det triveleg. Hyttenemnda hadde gjort ein god jobb med førebuingane som vanleg.

Bileta er tekne av Kjersti.

Utekafeen..

Strikkeklubben..

Etter grillpølsa er det tid for ei stille stund, før bålet vert kveikt.

Knut styrar bålet med sikker hand. Det var litt tvil ei stund grunna nordavinden, men han løya mot kvelden so vi fekk bål.

Ei strandsnipe er observert i bukta foran bålet..kan og vera ei rype

Ein frekk måke som støtt og stadig stal grillmat

Det vart veldig fint nede i stranda etter kvart.

Laga av Lauen Dans&Design