Hyttedans i oktober

Laurdag 18. oktober vert det høve til å komma saman for å nyta ein haustkveld på hytta. Det vert underhaldning, dans, song og mat.

No rullar Have svært mot Land
med Skùm um skavlande Ryggir
og bryt seg sprengt mod Øydestrand,
der berre Vindtroll byggjer.
Og Stormen skrik i ville Gru,
der yvi Djup han jagar
med Fòk og Ròk um Rev og Flu
i desse haust-myrke Dagar, 

skreiv Arne Garborg i Haugtussa. Hausten kan vera kald og hufsen, men då er det viktig at ein veit å nytta dei mørke dagane og kalde kveldane til noko kjekt. Og det kan me i ungdomslaget!Eidsholmen

Dei siste åra har det vore hyttedans ei helg utpå hausten. For to år sidan sto Audhilds for arrangementet, då var det stor konsert etterfulgt av suppe og dans ut i dei små timar. I fjor arrangerte folkedanslaget dans til fleire flinke spelmenn – og serverte suppe litt utpå kvelden. Òg i år er det folkedanslaget som står for arrangementet, og dei føl suksessoppskrifta frå tidlegare år.

Med fokus på haustkos framfor -kulde vert det servert suppe når folk kjem og kaffi og kaker utpå kvelden. Me får underhaldning frå Eva Marie og Maria, Anna og Kvedargruppa, som alle òg skal spela og tralla til dans. I tillegg vert det allsong, det vert peiskos og det vert ekstra god stemning om mange tek turen til Eidsholmen denne kvelden.

Anne E. Pedersen. Foto: Kjersti J. Nybø

Mellom andre Anna skal spela til dans. Foto: Kjersti J. Nybø

Tid: laurdag 18. oktober kl. 19.30 (slutt ca 23)
Stad: Eidsholmen, Grimseidvegen 375
Pris: 120/150

Det er fint for miljøet, både det fysiske og det sosiale, om folk samkøyrer til hytta. Avtal med kjente, eller gje ein lyd til kontoret (kontoret@bergen.ungdomslag.no) eller folkedanslaget (masklysne@hotmail.com) om du har eller treng plass i ein bil. Det kan òg bestillast felles drosje til/frå byen/Lagunen.

Laga av Lauen Dans&Design