Hausten i folkedanslaget

Her er ei oversikt over programmet folkedanslaget har planlagt for gamle og nye dansarar i haust. Folkedanslaget har ein del spikra, mange gode idear og nokre lause trådar, men noter deg datoane og bli med på moroa!

Dei fleste danseøvingane i laget startar opp att i veke 35. Måndagsringen fortset med gode instruktørar og spelmenn som tidlegare år, og har fyrste øving måndag 25. august kl. 20-22. Fordjupingsøvingane vil køyra tre ulike kursrekker opne for alle. I september vert det hallingøvingar på onsdagane, i oktober skal me få fordjupa oss i turdans, songdans og songleik, og i november skal me studera ulike tradisjonsopptak. På den fyrste øvinga, onsdag 27. august k. 20-22, vert det fridans og hyggeleg samvere, og både gamle og nye dansarar er hjarteleg velkomne. Folkedans for seniorar har fyrste øving tysdag 2. september kl. 19.30-21. Me håpar å sjå både kjente og ukjente ansikt der!

Litt meir om haustprogrammet:

Fredag 12. september er det kulturnatt, og det vert dans i Gimle frå kl. 19.30. Fritt tilgjenge og låg terskel. Meir informasjon kjem.

Laurdag 13.- søndag 14. september er det hyttetur for unge vaksne i laget til Eidsholmen. Meir informasjon kjem.

Laurdag 20.-søndag 21. september vert det nybyrjarkurs i folkedans. Det kostar 300 kr for medlem/student, 400 kr for andre. Påmelding innan måndag 15. september. Les meir om nybyrjarkurset her, og tips gjerne folk du synes skal byrja å dansa!

Laurdag 18. oktober vert det dans på hytta. Som tidlegare år vert det musikk, mat og dans, og det vert moglegheit for transport til/frå Gimle (evt. Lagunen). Meir informasjon kjem.

Helga 8.-9. november vert det eit dansekurs. Her er programmet ikkje lagt, men informasjonen kjem så snart den er klar.

Laurdag 22. november vert det tradisjonell haustfest i Gimle, med middag, underhaldning og dans til god musikk. Meir informasjon kjem nærare november.

Me rundar av folkedansåret med romjulsdans søndag 28. desember.

Hyggekveld, mars 2014. Foto: Kjersti J. Nybø

Foto: Kjersti J. Nybø

Vel møtt!

Laga av Lauen Dans&Design