Landsmøte i Noregs Ungdomslag

Tekst: Gro Vetås, Foto: Dagrun Slettebø Daltveit

Oslo, 18,-19. april var det duka for landsmøte i Noregs Ungdomslag. Helga var fylt med seminar, kurs, debatt, dans og 86 røysteføre utsendingar i salen.

Noregs Ungdomslag fyller 130 år i 2026. Møtet vart offisielt opna med eit utdrag frå diktet «Fram peiker pila», skrive av Jan-Magnus Bruheim til 75-årsjubileet for 55 år sidan. Terje Svindseth las diktet, ledsaga av nydelege tonar frå Julia Vinogradova og Sigrid Vågan Aunsmo på hardingfele.

Styreleiar Tone Mjelde opna landsmøtet med ei lita teaterframsyning, til stor latter og glede for dei frammøtte, før ho holdt opningstale.

Alle utsendingane fekk utdelt den heilt nye jubileumsboka «Samfunnsbygging i 130 år», skriven av Jan Kløvstad og Lene Storhaug.

Utsending frå Bergen ungdomslag Ervingen var styreleiar Dagrun Daltveit Slettebø, som i tillegg til å delta på landsmøtet også deltok på seminaret «Broderi med Barbro» om fredagen. Her fekk ho læra å brodera Hulda-mønster på grillvottar.

Laurdag kveld var det middag og dansefest. Under middagen fekk Else Elise Sætre Bullhus ei velfortent oppmerksemd for innsatsen sin i Noregs Ungdomslag. Etter middagen spelte «Flatlusa» opp til dans.

Kven veit? 2026 vart avgjort denne helga, og vinnarane kunne endeleg offentleggjerast. Førsteplassen gjekk til Bergen ungdomslag Ervingen, lag A (Øystein, Dag, Berit og Borghild). Me er sjølvsagt veldig stolte over at dei klokaste hovuda i landet er å finna i Bul Ervingen!

https://www.ungdomslag.no/bodstikka/velkommen-til-landsmote-2026

https://www.ungdomslag.no/bodstikka/dette-skjedde-pa-landsmotet-i-2026

https://www.ungdomslag.no/bodstikka/kven-veit-2026-endeleg-resultat

https://www.facebook.com/noregsungdomslag/?locale=nb_NO

Laga av Lauen Dans&Design