Audhild Flaktveit Moxnes sin minnepris 2025

Audhilds med fela

TIL UNGE UTØVARAR PÅ HARDINGFELE, TILDELING HAUSTEN 2025

Styret for minneprisen ber med dette om forslag på unge utøvarar på hardingfele som kan vera aktuelle kandidatar til prisen.

Formålet med minneprisen er å styrke interessa for spel på hardingfele mellom unge, og slik oppmuntra til varig interesse for spelet. Aktuelle kandidatar må vera i alderen 12 til 18 år som svarar til C-klassen på kappleik, og dei må vera frå Vestlandet. Prisen er eit personleg stipend.

Minneprisen skal delast ut på Vestlandskappleiken 2025, og er på kr. 20.000,-.

Tid og stad for utdelinga er 10.-11. oktober, i Øystese.

FRIST for innsending av forslag er fredag 12. september.

Forslag med grunngjeving skal sendast med brev til: Bergen ungdomslag Ervingen, Kong Oscarsgt. 15, 5017 Bergen eller med e-post til: kontoret@bergen.ungdomslag.no

Merk konvolutten eller e-posten med ”Minnepris 2025”.

For noko meir informasjon, sjå www.bergen.ungdomslag.no/minnepris/ og https://www.facebook.com/bulervingen/?locale=nb_NO

Laga av Lauen Dans&Design