Audhild Flaktveit Moxnes sin minnepris 2022

Audhild Flaktveit Moxnes sin minnepris til unge utøvarar på hardingfele, ber no om tips til aktuelle kandidatar til tildelinga dei skal gjere i haust.

Minneprisen skal delast ut til ein lovande utøvar på hardingfele. Personen skal vere i alder som svarer til C-klassen på kappleik, og vere frå Vestlandet, heiter det om prisen.

Formålet med minneprisen er å styrke interessa for utøving på hardingfele mellom unge, og med det oppmuntre til varig interesse for spelet.

Minneprisen skal delast ut på Vestlandskappleiken 2022, og er på kr. 15.000,-.
Kappleiken finn stad: 7.- 8. oktober i Jostedalen.

Frist for innsending av forslag er fredag 16.9.202. Framlegget skal sendast til:

Bergen ungdomslag Ervingen, Kong Oscarsgt. 15, 5017 Bergen
e-post: kontoret@bergen.ungdomslag.no
Merk konvolutten/e-posten: ”Minnepris 2022”.

For meir informasjon, sjå www.bergen.ungdomslag.no/minnepris

Laga av Lauen Dans&Design