Sommarkurs for barn og unge

Sol. - TF regnskap
Klarer du å lære deg eit hallingtriks fortare enn leiar i laget? Har du gode idear til sommarkurssongen? Vil du designe di eiga t-skjorte? Har du lyst til å delta på sommarens kjekkast kurs? Bli med!!

Vi ynskjer å tilby sommarkurs i dans, felespel og kveding for barn og unge i alderen 4-18 år! På kursa vil vi ha fokus på samhald, tradisjon og kreativitet!
Sommarkurset vil vere i Gimle torsdag 25. og fredag 26. juni. Kursa vil vare frå klokka 09:00 til 14:00. Torsdag vert det hentekonsert og diplomutdeling frå 14:00-14:30.
Det er gratis å delta på kursa. Alle må ha med eigen lunsj. Lærarar på kursa er: Maria Toppe, Johanne Mjøs, Inga Myhr, Borghild Opdahl og Marit Kvamen.

Meld interesse til kontoret@bergen.ungdomslag.no innan fredag 19. juni. Det er avgrensa med plass på kursa.
Laga av Lauen Dans&Design