Sommaravslutting med Ungdomsringen

https://www.facebook.com/UngdomsringenBulErvingen/videos/vb.308454872912982/311702725921530/?type=2&theater

Måndag 11. juni hadde vi i Ungdomsringen sommaravslutting. Vi møtte opp kl. 18 nede på Fløienbana, og var sju som møtte opp. Eit par andre møtte oss oppe på toppen.

Då vi kom opp dansa vi litt av kvart utanfor kiosken, og forbigåande byrja å finna fram mobilar. Fleire filma og dansane var alt frå reinlender til spingar og polka, samt tretur frå Fana. Vi dansa til og med med nokre frå publikum.

Etter å ha dansa litt var det på tide å eta. Det var korgfest og det var noko for einkvar smak, alt frå sjokoladekake og muffins til druer og bær. Samtalane gjekk lett og livleg, og stemninga var upåklageleg. Alle koste seg til tross for all myggen. Vi kom fram til at det var berre 20 dagar til Sommarleiren, og det er fire deltakarar som gler seg veldig til det, i tillegg til ein leiar og ein potet.

Lekeplassen stod ikkje ubrukt den ettermiddagen, og vi er nok grunnen til det. Då fleste parten var mett gjekk vi på leikeplassen og kosa oss. Musikk på høgtalar var også tilstades. Til slutt gjekk vi til klatreområdet som er knappe 100 meter frå Fløien stasjon. Ingen kan seie at ein blir for gamal til å leika, i alle fall ikkje til Ungdomsringen.

Det var ein kjekk kveld med ei stemning som fekk folk til å dra heim med smil rundt munnen og gode minner. Det var dansing, mat, passiar og litt barnsleg leiking.

Laga av Lauen Dans&Design