Rebusløp

Måndag 7. mai 2018 vert det rebusløp gjennom gatene i Bergen.

Bergen ul Ervingen skipar kvart år til rebusløp, med start og mål i Gimle (Kong Oscarsgate 18). Det startar klokka 18.00, og ein kan møta opp saman med laget sitt, eller ein kan møta opp og bli med på eit lag. Alle som kjem får vera med!

Klokka 20.00 reknar me med at dei fleste har funne vegen tilbake til Gimle, der det vert korgefest. Alle tek med ein rett til felles kaldtbord. Denne kan du levera i Gimle før rebusløpet tek til.

Ta med vener og kjende og møt opp i Gimle.

Laga av Lauen Dans&Design