Høyringsfråsegn om Intensjonsplanen for etablering av Vestlandsregionen

Bergen ungdomslag Ervingen er ein frilyndt og ideell kulturorganisasjon med tilhald i hjartet av Bergen. Føremålet til laget er å arbeida for norsk kultur og mål. I denne høyringsfråsegna vil Bergen ungdomslag Ervingen komma med innspel til språkpolitikken i ein eventuell ny Vestlandsregion.

rosa-200x200

I intensjonsplanen blir det slått fast at nynorsk «har vore, og er, ein viktig felles identitetsbyggar». Bergen ungdomslag Ervingen vil at nynorsken òg i framtida skal vera ein viktig felles identitetsbyggar for Vestlandsregionen, men dette er ikkje noko som kjem av seg sjølv. To vedtak bør gjerast for å sikra nynorsken sin posisjon:

1) Vestlandsregionen må vedta at regionen sjølv skal bruka nynorsk som

administrasjonsmål.

2) Vestlandsregionen må òg vedta å krevja nynorsk i «skriv frå statsorgan» etter § 5 i

mållova.

På grunn av bokmålsdominansen i samfunnet vil språknøytralitet i mange tilfelle slå negativt ut for nynorsken. Dette finn ein døme på mellom anna i mange språknøytrale kommunar. Dersom Vestlandsregionen gjer vedtak om nynorsk administrasjonsmål, vil ein vera sikra at nynorsken faktisk blir brukt.

Ein region som samlar så mange menneske og så store område som Vestlandsregionen, vil vera ein viktig språkleg aktør. Det er snakk om store mengder tekst som vil bli produsert, og eit vedtak om nynorsk som administrasjonsmål i Vestlandsregionen vil vera viktig for det samla omfanget av nynorsk tekst.

Det store fleirtalet av kommunane i regionen er nynorskkommunar, og Vestlandet er den einaste landsdelen med nynorsk tyngdepunkt. Difor meiner Bergen ungdomslag Ervingen at Vestlandsregionen bør ta ansvaret dette medfører på alvor.

Me oppmodar alle om å senda inn høyringsfråsegner innan høyringsfristen 30. november. 
Saka er lagt ut på høyring: http://www.hordaland.no/nn-NO/politikk/du-kan-paverke/open-hoyring—etablering-av-vestlandsregionen/
Dei ber om å få høyringssvar sendt til e-post: hfk@hfk.no
Liste over representantar i Hordaland: http://einnsyn.hfk.no/eInnsyn/Dmb/Details/1

Laga av Lauen Dans&Design