Endringar på kontoret

Fredag 22.april var siste arbeidsdag for Magne Hagesæter som vikarierande organisasjonssekretær i Bergen ungdomslag Ervingen. Styret vil takke Magne for å ein god jobb.

Magne kom raskt inn i jobben i august og har vore flink å tilpasse seg organisasjonen. Han har gjennomført arbeidsoppgåvene sine på ein god måte. Gjennom ni månader har Magne fått god kontakt med dei tillitsvalte og vore imøtekommande ovanfor dei som kjem innom kontoret.

Måndag 25.april var Gro Vetås tilbake frå morspermisjon. Onsdag 27.april var Magne på kontoret for å utveksle informasjon med henne, og styret nytta høve til å gje Magne ein velfortent blome. Me ynskjer Magne lykke til vidare!

Magne Hagesæter

Magne Hagesæter

Laga av Lauen Dans&Design