Gimle mot lysare tider

Stillas, byggjearbeid og støv tyder på at det er noko stort på gang i Gimle. Med nye, store vindauge på plass, vil bygget igjen skinna i fordums prakt.

Tekst: Blad og blest Foto/Illustrasjon: Bjørn Feltenes, Link Arkitektur

I slutten av 2014 og byrjinga av 2015 har det vore klart for alle som har vore innom kulturhuset Gimle i Bergen sentrum at det det skjer store ting. I året der ein feirar at Gimle er 100 år som lagshus, og 10 år som samanslått lag, vert nye, flotte vindauge avduka. I storsalen flaumer det no like mykje lys inn som den gong bygget vart laga.

– Det var på høg tid å byta ut vindauga. Når me likevel skulle gjera det, kom ideen om å føra det attende til slik det var før, seier styreleiar i Ervingen Kulturhus, Åslaug Trageton.

Då huset vart bygd på slutten av 1800-talet, var det med store vindauge nesten ned til golvet i 3. høgda der storsalen ligg. Dei vart seinare murt opp eit godt stykke. Då ein no likevel måtte gjere den store jobben med å byta dei enorme flatene, ville ein føra bygget attende til fordums prakt. Fram mot det endelege resultatet har det vore ein lang veg, for Gimle ligg midt i eit verna område i Bergen, og endringar treng difor godkjenning frå Byantikvaren.

– Det har vore kostbart, men me vonar dei nye vindauga vil verna meir for støy frå gata og isolera betre, seier styreleiaren, som er særs godt nøgd med resultatet. Også dei andre høgdene har fått nye og meir praktiske vindauge på plass. Det er arkitekt Bjørn Feltens i Link Arkitektur som har vore ansvarleg for prosessen. Som kormedlem i ungdomslaget sitt eige kor, kjende han bygget godt frå før.

– Det er spanande å setja seg inn i huset si historie og finna det best moglege grepet,
som oppfyller byggherren sine ynskje og samstundes ta omsyn til eksisterende verdiar, seier Feltens.

100 år som lagshus
Gimle vart oppført av arkitekt Schak Bull for Avholdsforeningen Gimle i 1897. I 1915 kjøpte BUL Ervingen Gimle for kr 135 000 kroner, og overtok huset som det stod. Fram mot 20-talet vart det bygd hyblar på loftet, som mellom anna husa tenestefolk på kaffistovene. På den tida vart også storsalen ombygd, med peis under galleriet. Samstundes vart vindauga på nordsida murt igjen, og dei store måleria som er der i dag kom på plass. Det var også no vindauga på sørsida vart murt opp for å gje plass til radiatorar. På 50-talet vart vindauga igjen byta, og då gjekk ein frå sprosser til heile ruter. Også etter årtusenskiftet har bygget vore gjennom utbetringar. I 2001 vart første og andre høgda ombygd til butikklokale, og i 2010 fekk ein på plass legekontor i andre høgda, med inngang frå Korskirkeallmenningen.

Fram til 1934 var det kaffistove i bygget. Det store huset har også vore brukt til undervisning, butikk og til å husa huslause etter bybrannen i 1916. I dag er det butikk og frisør i første høgda, legekontor i andre høgda og leilegheiter på toppen.

Fyrste steg på vegen
Utskiftinga av vindauga er første steg på vegen i ei større oppgradering av det ærverdige huset. Den andre prosessen tek føre seg alle dei andre endringane på huset som omfattar nytt kjøken, wc-anlegg, heis og ei oppgradering av leilegheitene. Også etasjeskilje mellom leilegheitene og storsalen skal skiftast ut, for å forbetra lydisolasjon mot salen og for å reparera skadar i takstolen.

Dette arbeidet vil halda fram, men er kostbart og krev enno mykje arbeid. No er leiinga glade for at første steg på vegen er teke, og at utbetringa av vindauga kunne gjerast som eit sjølvstendig prosjekt. I slutten av februar er innvendig arbeid ferdig, og salen framstår som ny. Utvendig vil arbeidet pågå ei stund til, med reparasjonar av fasaden, vasking og maling.

– Sjå kor fint det blir! Dei store vindauga gjer eit helt anna inntrykk av salen, seier Trageton.

PS: 10-årsjubileet for det samanslåtte laget skal feirast med ein hyggekveld i mars, og med ei storstilt feiring til hausten

Laga av Lauen Dans&Design