Gåve til barnelaget

Barnelaget i Bergen ul Ervingen  er tildelt 40 000,- i gåvemidlar frå Fana Sparebank. Pengane skal brukast til rekruttering.

Folkedans er ein kjekk aktivitet som passar for alle. Det ynskjer me å formidla til born, slik at dei får lyst til  å delta på barnelaget. Me vil difor tilby kurs for skular og barnehagar i sentrumsområdet. Under mottoet «Heile skulen dansar» skal alle klassar få besøk av ein instruktør og ein spelmann. Ein kan og tilby folkedans for grupper, slik ein no har eit samarbeid med foreldreutvalet ved Christi Krybbe skoler om ein time folkedans i veka i tre veker.

Laget er heldig som har særs gode instruktørar på barnelaget. Dei er den viktigaste faktoren for barnelaget. Me vil difor setja av midlar til å utdanna fleire instruktørar og styrkja kompetansen til dagens instruktørar.

Dansemann

På årsmøte i laget blei det ikkje vald særlagsstyret for barnelaget. Det er viktig for styret å oppretthalda eit folkedanstilbod for born, slik at born kan bli kjend med, og finna gleda i kulturarven vår. Kjersti Johanne Nybø og Borghild Marie Opdahl i styret fungerar difor som barnelagsstyret i år.

Kjersti og Borghild fekk overlevert ein sjekk på gåveutdeling i Grieghallen tysdag 28.april. Fana Sparebank ynskjer med sine allmennyttige midlar å stimulera til ein sunn og aktiv kvardag for born og unge.

Me er takksame for stønaden og endå meir motivert for å halda fram rekrutteringsarbeidet.

https://nb-no.facebook.com/bulervingen

https://www.facebook.com/fanasparebank?fref=nf

Laga av Lauen Dans&Design