Eit lag, ei fane!

Som dei fleste veit har me i lagsstyret planar om å avduke ei ny lagsfane iløpet av neste år i samband med 10årsjubileet vårt. Etter eit lagsmøte om ungdomslagsfaner, ordskifte og idemyldringar har me kome fram til eit utkast som de kan sjå under. Om det er nokon som har tilbakemeldingar på dette utkastet ber me dykk sende innspela til kontoret@bergen.ungdomslag.no helst innan 4. november!

faneframlegg3

 

Litt forklaringar:

På framsida har me lagsmerket vårt, åttebladsrosa, samt dei tre skipingsåra for høvesvis BUL Ervingen, Bergen ungdomslag Ervingen og BUL Bergen.

På baksida har me valt eit sitat frå syngespelet “Ervingen” av Ivar Aasen. For det første skildrar det aktiviteten i laget vårt utan å gå spesifikt på kva type aktivitet det er. Dette er viktig då me har eit mangfald av aktivitetar, og kva aktivitetar me driv med endrar seg over tid. For det andre syner det at me er eit mållag ved å bevisst bruke eit sitat på nynorsk. For det tredje tek med Ivar Aasen med oss vidare på fana utan å ha eit bilete av han. For det fjerde er det særs høveleg å ha eit sitat frå syngespelet som lagsnamnet vårt er henta frå.

 

Laga av Lauen Dans&Design