450 elevar dansar folkedans

I veke 49 var me på besøk på Fridalen skole heile veka og hadde kurs for alle elevane. Tilsaman 450 elevar fekk prøva seg på norsk folkedans. Det fekk også alle lærarane, som nytta fellestimen sin på tysdagen til å få svinga seg litt.

Barn dansar folkedans

Det var utruleg kjekt å få lov til å dansa med alle klassane på skulen, frå 1 – 7 klasse. Elevane kosa seg, og såg ut til å vera nyfikne på dansen. Mange positive tilbakemeldingar og elevar som øvde på dans og triks i gangane resten av veka er eit godt teikn! Lærarane såg ut til å lika det dei også, og me fekk gode tilbakemeldingar også frå dei. Ein del av dei hadde alt nytta dans i gymtimane same veka. Dette lovar godt for folkedansen framover. Fridalen skole driv eit integreringsprosjekt “Music moves you”, som dette danseopplegget var ein del av. Elevane skal gjennom fleire dansestilar i løpet av året, og målet er å laga ei framsyning til våren eller neste vår – så sjansen for å besøka Fridalen skole med folkedans også neste år er stor.

 

Laga av Lauen Dans&Design