Nytt styre

På dagen elleve år etter at Bergen ungdomslag Ervingen vart skipa hadde det nye styret sitt fyrste styremøte. Styret er klart for eit nytt arbeidsår, og har mange tankar og idear om vegen vidare for laget. Me tar gjerne imot innspel, og då kan du ta kontakt med ein av personane under:

Leiar Borghild Marie Opdahl (f. 1987)
Borghild byrja å danse i barnelaget og har dansa sidan. Ho er i dag instruktør for ungdomsringen og folkedans for senior. Ho ha vore styremedlem i laget i fleire periodar og er medlem av ungdomsgruppa og barnelaget. I tillegg er ho leiar av leiknemnda i Hordaland Ungdomslag og har vore styremedlem i Noregs ungdomslag. Til dagen arbeidar ho som lærar i matematikk og fysikk.

Nestleiar Ida Marie Rognsvåg (f. 1994)
Ida Marie byrja å danse folkedans som lita, og synes det var stor stas å sjå Bergen Juniorspelemannslag på familiefolkedans. Ho starta difor å spele hardingfele og er i dag musikalsk leiar i Audhilds. Ho er ein habil dansespelmann i laget og har vore medlem i spelemannslagsstyret. Ida Marie går siste året av bachelor i tradisjonsmusikk ved Høgskulen i Sørøst-Norge, avdeling Rauland.

Økonomiansvarleg Gunn Inger Sture (f. 1985)
Gunn Inger har dansa sidan ho var lita, og fortsette då ho flytta frå Stavanger til Bergen for å studere. Ho har vore aktiv i folkedanslag, vore leiar i ungdomsringe i Rogaland og medlem i folkedansrådet i Noregs Ungdomslag. Etter nokre år som norsklærar i Frankrike, jobbar ho i dag med å utvikle Bergenstesten.

Rekrutterings- og PR-ansvarleg Kjersti Johanne Nybø (f. 1987)
Kjersti byrja å danse folkedans etter at ho heiv seg med på eit nybyrjarkurs laget arrangerte for tre år sidan, rett etter at ho hadde flytta frå Lærdal i Sogn til Bergen. I dag er ho i tillegg med i Kvedargruppa i Bergen, og har vore med i styret i eitt år. Kjersti jobbar til dagleg i barnehage i tillegg til å ta barnehagelærarutdanning.

Tilskipingsansvarleg Brita Nilsen (f. 1999)
Brita har dansa i ungdomsringen dei siste tre åra. I tillegg har ho vore instruktør for barnelaget. Brita går fyrste år på vidaregåande, studiespesialiserande.

Fyrstevara Lars Fivelstad Smaaberg (f.1993)
Lars er frå Gol i Hallingdal, der han kvea og spelt hardingfele. I tillegg dansa han på Torpo i Hallingdal. Han er med i Kvedargruppa i Bergen, og blir mykje nytta som instruktør for barnelaget, ungdomsringen og fordjupingsøvingane.

Andrevara Emma Alexandra Lirhus Miro (f. 1998)
Emma starta å danse i barnelaget. I dag dansar ho i ungdomsringen og syng i Kvedargruppa i Bergen. Dei siste åra har ho og vore instruktør for barnelaget. Emma går andre år på vidaregåande, media og kommunikasjon.

Tredjevara Irene Bjørke
Irene har lenge spelt hardingfele, og er i dag musikalsk leiar for Audhilds. Ho har tidlegare vore styremedlem i Audhilds. Irene har tidligare studert tradisjonsmusikk i Rauland, og studere no musikkvitenskap ved Universitet i Bergen.

Styret 2016

F.v.: Gunn Inger Sture, Brita Nilsen, Borghild Marie Opdahl, Ida Marie Rognsvåg og Kjersti Johanne Nybø.

Laga av Lauen Dans&Design