Rebusløp 2014

Som vanleg skipar laget til rebusløp kvar vår etter at leikøvingane tek slutt. Også i år løyser vi rebusane medan vi går omkring i sentrum, berekraftig og miljøvenleg. Vinnarane frå i fjor laga rebusane, og dei fem laga fekk nok å bryna seg på. Ruta var nokså kort: utover Bryggen og heim att gjennom Vågsbunnen, så alle fekk god tid til rebusane og ingen fekk gnagsår. Tema for året var grunnlovsjubileet. Tilleggspoeng vart sanka for gode lagnamn og “instagram”-bilete til nettsida. Her synte det seg seg ei generasjonskløft med hensyn til instagramkonto og kjennskap til saka i det heile..

Vinnarlaget frå Rebusløpet 2014: John, Brynjulf, Torbjørn, Sverre, Sigrid.

Vinnarane var best på både rebus og tillegg, endå fleire av laga hadde mest fullt hus. Sjå bilete av det stolte laget.

Etter konkurransen var det som vanleg dekka opp med god mat av alle slag, der alle tok med eitkvart.

Laga av Lauen Dans&Design