Vårens vakraste eventyr: dugnad på hytta!

Dugnad på hytta 2014: Rigmor og berit vaskar opp

Dugnad på hytta 2014: Rigmor og Berit vaskar opp

Overskrifta er ikkje teken ut or lufta, for på onsdag synte vergudane seg frå den aller beste sida. Kanskje har hyttestyret kontaktar der oppe? Uvanleg mange møtte opp, slik at Tordenskjold sine slitne soldatar (=hyttestyret) fekk hjelp. Etter ei matøkt med kaffi og Knut si Brownie-kake var alle klare til innsats, og på merkeleg vis fann alle saman i grupper og arbeidsoppgåver, utan at ordre vart gjevne og skjema vart skrivne. Det må skuldast dugnadsgener..

Bileta talar for seg; det var ei kjekk stund med stor aktivitet, og mykje godt arbeid var gjort: bedet reinska for ugras og gamalt lauv, berberisen skoren hardt ned, fleire bjørkar og furugreinar fall for saga, ei mengd strattar fekk kjenna saksa, plenen vart raka, ja nærmast slikka rein. Og ikkje minst, flaggstanga som sto sturen og rusta, vart låra ned, måla kvit og fin, og heist opp i ståande att.

Takk til alle for god innsats, og velkomne til neste dugnad!

Laga av Lauen Dans&Design