AUDHILD FLAKTVEIT MOXNES SIN MINNEPRIS 2019

AUDHILD FLAKTVEIT MOXNES SIN MINNEPRIS  2019 er tildelt 18 år gamle Tori Helgheim Grung frå Bergen. Prisen, som er på kr. 15 000,-,  blir delt ut på Vestlandskappleiken 2019 i Operahuset Nordfjord laurdag 19. oktober.

Tori er ein dyktig hardingfeleutøvar, ho er aktiv både i folkemusikk- og folkedansmiljøet i Bergen. Ho har gått, – og går i Kulturskolen i Bergen og i Bergen Juniorspelemannslag.

Ho kan visa til gode resultat på Hordamønstring, Vestlandskappleik og Landskappleik – både i solospel, gruppespel og lagspel!

Prisvinnaren starta å spele hardingfele då ho var 8 år. Som lærarar har ho hatt  Elna Føleide Selle og Maria Toppe. Ved Kulturskolen i Bergen har ho hatt utvida undervisningstid ved å delta på fordjupingsprogrammet ved Kulturskolen. I Bergen Juniorspelemannslag er ho med i ei samspelsgruppe for dei eldste elevane der. I tillegg spelar ho ofte til dans på øvingane til Barnelaget i Bergen ungdomslag Ervingen. Ho er godt forankra i dansespelet og spelar med god dansesnert. Som deltakar i samspel for dei eldste elevane i Bergen Juniorspelemannslag har ho vist stort engasjement. Ho har god kontroll på både slåttar, andrestemmer og arrangement på slåttane. Ho har hatt ei spesiell fin utvikling i å skape variasjonar i spelet sitt. I tillegg er ho merksam på samspel, og kva som skal til for at det skal bli best mulig.

Prisvinnaren er eit fint forbilde for dei yngre barna i ungdomslaget, både dansarar og felespelarar.  Ho tar seg tid til dei og motiverer dei til å vera med.

I tillegg vil ein bemerka at Tori viser, med si allsidige bruk av folkemusikken, at dansespel, konserter, samspel, rekruttering og kurs er viktige sider ved folkemusikken!

Merk! Det har vore vanleg at prisvinnaren har spelt ein slått etter utdelinga. Denne gongen blir det ikkje slik då Tori i år er på utveksling til Argentina, der ho studerer folkemusikk, og  hardingfela har ho med. Det vil i staden bli lest opp ei takkehelsing frå Tori.

Formålet med minneprisen er å oppmuntre unge lovande utøvarar på hardingfele frå Vestlandet. Prisen er etablert til minne om Audhild Flaktveit Moxnes som var aktiv utøvar på hardingfele og dansa folkedans. Audhild omkom i ei trafikkulukke i Bergen 19. mars 2004, berre 17 år gamal.

 ————————————–

Prisen er støtta av Sparebanken Vest og har vore delt ut årleg sidan 2007.

Inga Hilde Breivik har laga diplomet som høyrer til minneprisen.

I styret for minneprisen sit: Arne Anderdal, Solgunn M. Flaktveit, Sigrid Moldestad og Eva Marie Toppe.

For meir informasjon eller spørsmål: Nettstad: http://www.bergen.ungdomslag.no/minnepris/ http://www.vestlandskappleiken.no

 

Snakke med nokon om tildelinga:

Maria Toppe mob. 91637213. Eva Marie Toppe mob. 97769649. Solgunn M. Flaktveit mob. 99151125

Laga av Lauen Dans&Design