Kårhild Husby Nordstad

AUDHILD FLAKTVEIT MOXNES MINNEPRIS 2015 er tildelt 17 år gamle Kårhild Husby Nordstad frå Bergen. Prisen, som er på 10 000 kroner, vart delt ut på Vestlandskappleiken i Førde laurdag 10. oktober.

DSC_1254-2Styret om prisvinnaren

Kårhild Husby Nordstad får prisen for sitt talent på hardingfele. Ho er ein dyktig utøvar med bakgrunn i Bergen Kulturskole og Bergen Juniorspelemannslag. Ho har vore aktiv i spel og dans i Bergen Ungdomslag Ervingen i fleire år og vist seg som eit stort talent og ein musikalsk pådrivar både som solist og i mindre grupper og spelemannslag. Hun har fleire gode plasseringar frå ulike kappleiker, blant anna vann ho yngste klasse på Vestlandskappleiken 2014 og var blant dei tre beste i landet under 18 år på hardingfele på Landskappleiken i 2015.

Takk til

Styret for minneprisen takkar Sogn og Fjordane Folkemusikklag og Indre Sunnfjord spelemannslag for samarbeidet, og at vi fekk nytte Vestlandskappleiken som arena for utdelinga. Styret vil òg takke Inga-Hilde Breivik for utforming av diplomen. Og vi takkar Sparebanken Vest og andre som gir økonomiske bidrag til prisen.

Laga av Lauen Dans&Design