Marta Lindvik

AUDHILD FLAKTVEIT MOXNES MINNEPRIS 2013 er tildelt 17 år gamle Marta Lindvik frå Ulvik i Hardanger. Prisen, som er på 10 000 kroner og diplom vart delt ut på Vestlandskappleiken i Førde laurdag 12 Oktober.

Styret om prisvinnaren

Marta starta å spela fele i kulturskulen 7 år gamal. Seinare vart ho ein del av miljøet i spelemannslaget på heimstaden sin.

Marta har vore aktiv på kappleikar og har fleire fine plasseringar i yngste klasse, klasse C. Ho har saman med fleire jamaldringar drege i gong vårkonsertar der vaksne og godt etablerte spelemenn som Frank Rolland, Lajla Storli har delteke. I det heile står Marta for ei positiv og inspirerande haldning og stå-på-vilje både med sitt eige felespel og som inspirator og sosialt midtpunkt i folkemusikkmiljøet der ho bur. Ho viser stor interesse for folkemusikken og har fleire oppdrag i heimkommunen og distriktet forøvrig.

Marta er idag elev på musikklinja på Voss Gymnas og har spelemannen Knut Hamre som lærar.

Ho er teken opp i Masterclass. Eit nytt opplegg der vaksne og godt etablerte spelemenn kan søkje om å få undervisning.

Styret i Audhild Flaktveit Moxnes sin Minnepris er stolte over å gje årets pris kr. 10.000,- til Marta Lindvik, frå Ulvik i Hardanger.

Takk til

Styret for minneprisen takkar Gamlebanken spelemannslag og Sogn og Fjordane folkemusikklag for samarbeidet, og at vi fekk nytta Vestlandskappleiken som arena for utdelinga. Styret vil òg takke Inga-Hilde Breivik for utforming av diplomen. Og vi takkar Sparebanken Vest og andre som gir økonomiske bidrag til prisen.

Marta Lindvik

Marta Lindvik

Laga av Lauen Dans&Design