Lagsmøte

Lagsmøta har ein lang tradisjon i laget vårt, og går attende til den aller første tida. Den gong var hovudaktiviteten i laget føredrag med ordskifte etterpå. No til dags inviterer lagsstyret til lagsmøte omlag ein gong i semestret, der me inviterer ulike foredragshaldarar. Etterpå er det gjerne eit lite ordskifte, kaffi og kaker. Lagsmøta er ope for alle, både lagsmedlemmar og andre som ønskjer å vere med.

Mellom anna har dette vore tema for lagsmøte i det siste:

  • Hulda Garborg
  • Stadnamn i Bergen
  • Forfattarkveld med Ottar Grepstad
Laga av Lauen Dans&Design