Årsmøte i Bergen ungdomslag Ervingen

Tysdag 14. februar kl. 18.00 vert det årsmøte i Bergen ul Ervingen, i Gimle.

ÅrsmøteStyret i Bergen ungdomslag Ervingen ynskjer alle medlemane velkomen til årsmøte 14. februar, og håpar mange av medlemane deltek på årsmøtet og vert med å forma laget det neste året. Det er medlemane i laget som er laget, og difor veldig viktig at alle som har tankar om laget og framtida deltek på årsmøtet.

Innkalling og saklista til årsmøtet er alt send til medlemane. Årsmøtepapira finn du her, eller du kan ta kontakt med kontoret@bergen.ungdomslag.no / 55317446 om du vil ha dei tilsend pr post, eller om du vil koma innom å henta papira på kontoret.

Årsmøte er det øvste organet i ungdomslaget. Det er her medlemane i laget kan vera med å bestemma korleis laget skal jobba, og kva me skal jobba med.
Styret eller Rådet i laget kan ikkje endra vedtak gjort av årsmøtet. Eit nytt årsmøte kan endra desse vedtaka.

Årsmøtet skal mellom anna vedta lagslov, godkjenna styringsføresegner, fastsetja lagspengane, ta stode til årsmelding, ettersett rekneskap, budsjett, arbeidsplan og andre saker som styret legg fram. Årsmøtet skal velja styre, råd og gjera andre val i samsvar med styringsføresegnene.

Laga av Lauen Dans&Design