Hyttetur for unge vaksne

Kano på Eidsholmen, fotograf Torbjørn B. Lauen

Kanotur på hytta Foto: Torbjørn B. Lauen

Laurdag 24. til søndag 25. mai er det dei unge vaksne i laget sin tur til å besøka lagshytta vår, Eidsholmen. Folkedanslaget vil gjerne ha med alle medlemmer mellom 19 og 35 på hytta, om du dansar, syng eller spelar. Dette er eit godt høve til å verta kjend med andre i laget – og om du har ein ven du vil skal få vita meir om aktiviteten vår, ta han med!

Det vert spel inne og ute, god mat, kanskje ein kanotur eller nokre symjetak i vatnet, og eit kortkurs i lindy hop laurdag ettermiddag. Herlegheiten kostar 100 kr, som går til å dekka felles mat og andre utgifter. Laurdag kveld vert det korgfest, der alle tek med seg ein matrett dei vil dela med andre. Ta elles med badeklede, dansesko, instrument, songstemme, spel, sovepose og tjukke sokkar.

Avreisetidspunkt og transportmetode kjem me attende til når me ser kor mange som vert med. Gje beskjed til kontoret@bergen.ungdomslag.no eller folkedanslaget om du vil vera med, innan onsdag 21. mai.

P.S. Søndag 25. mai er det både dans og spel på byfjella i tilknyting til 7-fjellsturen, og Kor e’ tonen inviterer til festkveld. Dette får me sjølvsagt med oss!

Laga av Lauen Dans&Design