Bli med på hytta!

Folkedanslaget skipar enno ein gong til hyttetur til Eidsholmen for alle unge vaksne (ca 19-35 år) i laget, helga 13.-14. september. Om du spelar, syng eller dansar er du hjarteleg velkomen til å vera med til hytta i Fana.  Det vert kortkurs i lindy hop, leik, spel, prat og masse hygge. Ta med mat til korgfest laurdag kveld og evt grillmat til søndag ettermiddag. Folkedanslaget syter for lunsj laurdag og enkel grillmat søndag. Og hugs sovepose, tannkost, klede til å vera ute og inne i, spel, instrument, dansesko, tøfler, badeklede osb.

Pris: 100,- (dette dekkar fellesutgifter)
Avreise kl. 12 måndag frå Gimle, retur omlag kl. 17 søndag. Transport kjem me attende til til dei påmeldte. Gje gjerne beskjed om du har tenkt å køyra bil.

Påmelding til kontoret@bergen.ungdomslag.no innan måndag 8. september.

Her kan du sjå nokre bilete frå førre hyttetur – og om det inspirerer til deltaking/gjentaking, bli med!

Og her finn du Facebook-hendinga

Laga av Lauen Dans&Design