Studera i Bergen?

http://utdanningibergen.no/no/studentlivet/kultur-og-musikk/bergen-ungdomslag-ervingen

“Kven spelar andrestemma?” Fem bogar flyg i veret, og ringen på golvet flytter på seg. Så trør Charlotte Nordahl forsiktig takten. Snart sviv dansarane kring dei rundt til ein rull frå ti feler.

Bergen ungdomslag Ervingen er eit av dei få ungdomslaga som kan skryta av å ha eige spelmannslag. Bergen juniorspelmannslag er for ungar og ungdom under 18 år, medan Audhilds femner dei som er hakket eldre. På få år har medlemstalet for Audhilds stige frå fem einslege feler til 18 spelmenn, og spelmannslaget tek aktivt del både i aktiviteten i ungdomslaget og elles i folkemusikkmiljøet.

Audhilds likar seg best på golvet når dei spelar til dans. Då er dei nærare dansarane, nærare der det skjer. Dessutan vert dansarane flinkare til å lytta då, meiner spelmennene. Både det sosiale og det faglege er viktig for dei. “Det er kjekke folk, sosiale øviongar og så lærer i alle fall eg mykje av det,” seier Ingeborg Hollekim Bringslid. Ho byrja i Audhilds hausten 2010, etter nokre år i Bergen juniorspelmannslag. Charlotte R. Nordahl byrja i Audhilds for fleire år sidan, då ho kom til Bergen som ny student. I spelmannslaget fann ho folk på sin eigen alder og med same interesse. “Det var nettverket mitt den fyrste tida, særleg når eg hadde førelesingar med 500 andre og sat attmed nye folk kvar gong. Bergen er ein stor by då, ” fortel Charlotte. Ho dreg og fram at å gå i spelmannslag, og særleg spelmannslag med eit så vidt spenn som Audhilds, gir ho kveik til å ta fram fela oftare enn om ein måtte spela åleine. “Det er rom for at alle kan utvikla seg, uansett nivå,” seier Charlotte, og skryt av takhøgda i spelmannslaget.

I løpet av dei åra ho har vore i Bergen, har Charlotte vore musikalskleiar, i styret for spelmannslaga i ungdomslaget, og er både korsongar og dansar i Bergen ungdomslag Ervingen. Det er fleire av medlemmene i Audhilds som gjerne går ut på golvet sjølve når speleøkta deira er over, både på øving, fest og tevling. Folkedans- og - musikkmiljøet i Begren er variert og kjent utanfor byen. “Eg valte Bergen som studieby på grunn av det gode og aktive dansemiljøet,” fortel Torbjørn Bergwitz Lauen. Bergensar Silja Solvang har ein litt anna innfallsvinkel til sin aktiviet i ungdonslaget. “Eg er med i Audhilds fordi det er eit ungt spelmannslag med mange studentar som kjem frå andre stader,” innrømmer ho.

Trass i samlinga kring folkemusikken og folkedansen, er det og mykje som skil ungdommane i ungdomslaget. “Audhilds er ei spanande gruppe. Det er folk i ulik alder og med heilt ulike interesser, utanom interesse for folkemusikk. Hadde det ikkje vore for spelmannslaget hadde me aldri møtt kvarandre,” avsluttar Charlotte.

 

Tekst og bilete: Mari Skjerdal Lysne

Nokre studiestader i Bergen:

http://www.utdanningibergen.no/
http://www.uib.no/
http://www.hib.no/
http://www.sib.no/

http://utdanningibergen.no/no/studentlivet/kultur-og-musikk/bergen-ungdomslag.ervingen <–>