Prosesjonen:
Bergen ungdomslag Ervingen går i kolonne 4 (Bygdelags- og sangarorganisasjonar.) Oppmøte på Torgallmenningen kl 10.15.
Kafé, Gimle 12-14:
Kom gjerne innom kafeen etter prosesjonen. Sal av rømmegraut, pølse, kake, is m.m.
Framsyning, Festplassen 18.50-20:
Laget skal ha framsyning under Bygdelagstimen. Møt gjerne opp for å sjå på, viss du ikkje er av dei som skal vera med. Øving 16. mai, kl. 17-19, i Gimle.

Utdrag frå pressemelding frå Dansens dager 2012:
27. - 29. APRIL
DANSEREKORD!
”Danseinformasjonen slipper i dag programmet for Dansens Dager 2012. Det er rekordstor oppslutning med over 200 arrangementer, som er en økning på 60 % fra fjoråret som også var ett rekordår. Dans har aldri vært så populært! For 14. gang er det igjen klart for Norges desidert største dansefest!
For fullt program se: www.danseinfo.no/content/blogcategory/65/208
Lørdag 28. april: Bergen Dansesenter arrangerer ”DANS I SENTRUM” på disse stedene: Bergen Togstasjon, Festplassen, Bergen Offentlige bibliotek,Bergen Kino.
Dansen tas ut i det offentlige rom. Et stort og bredt dansemiljø samles i Bergen der både amatører og profesjonelle danser ute og inne.
Medvirkende Bergen Dansesenter, Åsane Ballettskole, Step In Dansestudio, Bergen Kulturskole, Hildemors Dansesenter, B’ Hip hop dansestudio, Tango Abrazo, Jussdans, Folkedanslaget i Bergen, ungdomslag Ervingen.”
Bygdedanslaget i Bjørgvin og Bergen ungdomslag Ervingen skipar til kurs i springleik
Dag: 13-15 april 2012
Tid: Fredag kl. 19-22
Lørdag kl. 10-16
Søndag kl. 11-14
Stad: Gimle Pris: 500 (medl NU /FolkOrg og 600 (ikjke medl)
Påmelding innan 10. april: Lagskontoret: kontoret@bergen.ungdomslag.no / 55317446 eller Brit: soerbrit@online.no / 95938568
Tor Stallvik er ein legende i norsk folkedanshistorie. Han er kjend som ein habil dansa og som ein dyktig og fagleg god instruktør.
Tor kjem frå Vågå, og er rekna som ein av dei beste tradisjonsberarane av Vågå-springleiken.

Med seg har han Erlend Viken, som er ein knakandegod spelmann, eit oppkome av springleikar,
og for dei fleste er kjend frå kappleikar og frå duoen Brimi/Viken, som har gitt ut fleire kritikarrosste plater.

24. mars 2012, klokka 19.30 – 23.00 skipar Bergen ungdomslag Ervingen til dansekveld.
Hilde Fjærdingøy, Annlaug Børsheim, Maria S. Toppe og Eva Marie S. Toppe spelar til dans.
Det vert tur- og songdansøkt med Torbjørn B. Lauen, og teaterlaget BULEskit syner utdrag frå stykket “Når ord ikkje strekk til”.
Pris: 100 / 120 7 gratis for dei under 14 år
Program:
19.30-20.15: Annlaug Børsheim
20.15-21.00: Hilde Fjærdingøy
21.00-21.30: Turdans/songdansøkt
21.30-22.15: Eva Marie S. Toppe og Maria S. Toppe
22.15-23.00: Hilde Fjærdingøy

Barnelaget og Juniorspelmannslaget i Begren ul Ervingen skipar til familiefolkedanskveld i Gimle, Kong Oscarsgate 18, søndag 18. mars klokka 17.00 – 19.00
Juniorspelmannslaget spelar til dans, leia av barnelagsinstruktørane.
Det vert saft, kaffi og kaker.
Pris: Vaksne kr. 80/60, barn: gratis

Noregs Ungdomslag har lang erfaring med opplæring av instruktørar. Vi tilbyr teaterkurs og folkedanskurs i to modular, retta mot dei som vil bli instruktørar.
Frå 2011 arrangerer også NU leiaropplæring for tillitsvalde i fylkeslag, og denne blir halde parallelt med modul 1-kursa i teater og folkedans. Dette kurset skal dyktiggjere tillitsvalde i fylkeslaga, og også setje dei i stand til å halde organisasjonskurs for lokallag.
Denne våren skal Bergen ungdomslag, Ervingen vere lokal arrangør for modul 1-2012.
Instruktørkursa tek utgangspunkt i folkedans- og teaterarbeidet som vert drive i organisasjonen, og gjennom opplæringa utviklar vi instruktørar med brei kunnskap om og innsikt i aktiviteten.
Modul 1 av kursa vert arrangert i mars medan modul 2 vert arrangert i oktober. Kursa finn alltid stad på same plass, og dato for kurs blir annonsert på denne sida, i nyhendebreva våre (epost) og i medlemsbladet Ungdom.
Dato: 23. - 25. mars 2012. Merk at instruktørkurs i folkedans og teater startar klokka 0900 om morgonen fredagen.
Stad: Bergen ungdomslag, Ervingen sitt lagshus, Gimle. Kong Oscarsgt. 15. Kart over Bergen sentrum.
Kursavgift, instruktørkurs modul 1: kr 1500 for medlemmer i NU og kr 2300 for andre. Dette inkluderer kurs og lunsj alle tre dagar.
Frist for påmelding: 1. mars (bindande påmelding)
For fagleg opplegg, timeplan og fakta om lærarane, klikk her: