Øver omlag annakvar måndag i Gimle, Kong Oscarsgate 15.
Juniorspelemannslaget er eit hardingfelelag for barn og unge i alderen 8- 18 år. Spelemannslaget er eit samarbeidsprosjekt mellom Bergen Kuturskole og Bergen ungdomslag Ervingen.
Spelemannslaget vart starta for at elevane i Bergen Kulturskole skulle få eit tilbod om samspel. Juniorspelmannslaget kjøper instruktørtimer fra kulturskulen. Det naudsynt at medlemane får individuell / smågruppebasert undervisning i kulturskulen (eigen søknad vert å senda til Kulturskolen i Bergen), eller privat.
Gjennom spelemannslaget får elevane høve til å delta aktivt i et folkemusikkmiljø (konsertar, kappleikar, dansespel osb) og vera synlege som ein del av musikkmiljøet for born i Bergen. Det at juniorspelmannslaget er ein del av Bergen ungdomslag Ervingen gjev medlemane høve til å setja si interesse for hardingfelespel i ein breidare folkekulturell kontekst, då dei vert ein naturlig del av denne organisasjonen sine øvrige aktivitetar. Juniorspelmannslaget øver omlag 8-10 måndagar pr semester, samt diverse framsyningar / konsertar nokre helger i semesteret.
Tidspunkt øvingar i Gimle:
kl. 18.00-20.00
Ekstratilbod for vidarekomne elevar i laget:
Solo dansespel for vidarekomne elevar på omgang for barnelaget v / Ida Marie (liste over når og kven, samt repertoarliste vert lagt i dropboks)
Har du lyst til å vera med i juniorspelmannslaget, er det berre å ta kontakt.