Med tente lys

Søndag 13. desember, på sjølve Lucia-dagen, vert det tente lys og lun stemning, når Kor e’ tonen og Audhilds inviterer til julekonsert.

Dei siste månadane har julesongar vore i fokus fleire kveldar i veka i Gimle. Kor e’ tonen har sidan oktober øvd på julesongar, medan Audhilds sette tennene, og bogane, i materialet tidleg i november. På konserten på søndag kan publikum gle seg til å høyra både kjente julesongar, kjente danseslåttar og noko meir ukjent, frå både koret, spelmannslaget og dei to gruppene i samspel og -song. Sjølvsagt vert det òg allsong, lussekattar og kaffi, og kanskje kjem sjølve Lucia på besøk?

Tid: søndag 13. desember kl. 18.00
Stad: Gimle, Kong Oscars gate 18
Pris: 100 (born/student/medlem av Bul Ervingen) / 150

Billettar kan ein kjøpa i døra eller på TicketCo. Facebook-hendinga finn ein her.

default_12291971_1019354904790338_6681701464567396978_o

 

Laga av Lauen Dans&Design